Hopp til innhold

Israelske tap i Sør-Libanon

Det israelske forsvaret stadfestar at to soldatar vart drepne i kamp mot Hizbollah i Sør-Libanon i dag.

I tillegg stadfestar israelske styresmakter at to pilotar vart drepne då eit israelsk militærhelikopter styrta nord i Israel i dag.

Hizbollah-geriljaen hevdar at dei skaut ned helikopteret, men dette blir avvist av Israel. Den israelske hæren seier at helikopteret kolliderte med ein kraftleidning.

 

14 soldatar vart skadde i kampar mot Hizbolla-geriljaen i Sør-Libanon, blir det opplyst.

I kveld vart fire  UNIFIL-soldatar frå Ghana såra då ein israelsk granat ramma ei av stillingane til UNIFIL i Sør-Libanon. Dei fire vart frakta til eit sjukehus i Naquoura ved grensa til Israel.

UNIFIL-stillinga vart påført store skadar i granatangrepet.

Minst sju sivile, blant dei to born, er drepne, og 42 er såra i dei israelske angrepa mot Sør-Libanon i dag.

 

 

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no