Hopp til innhold

Israels riksadvokat meiner Netanyahu har brote lova

Den israelske riksadvokaten meiner at statsminister Benjamin Netanyahu blandar seg inn i den omstridde rettsreforma på ulovleg vis.

Riksadvokat Gali baharav-Miara gav i byrjinga av februar Netanyahu forbod mot å involvere seg direkte i reforma.

Torsdag kveld heldt statsministeren ein TV-sendt tale der han sa at han vil bidra sterkt til å få vedteke dei omstridde juridiske reformene.

I eit brev som blei offentleggjort fredag, skriv riksadvokaten at Netanyahus siste utsegner om reforma bryt reglane han er pålagd å fylgje. (NTB)

Netanyahu
Foto: ABIR SULTAN / AFP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no