Hopp til innhold

Israel skaut ned tre dronar

Israel har skote ned tre dronar som skal ha vore på veg mot gassplattformer langsmed Israel si kystline. Det melder Reuters.

Ifølge Reuters si kjelde i det israelske forsvaret, skal dronane kome frå Libanon og vere skotne opp av den iransk-støtta gruppa Hizbollah. Dei var ikkje væpna.

Hizbollah stadfestar at dei var ansvarlege, ifølge Reuters. Libanon gjer også krav på delar av farvatnet som dronane var på veg mot.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no