Israel seier dei har drepe hundre personar i Rafah dei siste dagane
Israel seier dei i løpet av dei siste dagane har drepe hundre personar i Rafah.
Det israelske forsvaret (IDF) hevdar at dei var militante palestinarar.
I ei fråsegn opplyser militæret at dei lokaliserte det som blir kalla ei væpna terroristcelle. Med eit målretta åtak blei det dei hevdar er terroristar eliminerte.
Opplysningane er ikkje bekrefta frå anna hald.