Hopp til innhold

Israel dømde palestinsk hjelpearbeidar og Gaza-sjef til 12 års fengsel

Ein israelsk rett dømde tysdag den palestinske hjelpearbeidaren og tidlegare Gaza-sjef for den amerikanske hjelpeorganisasjonen World Vision, Mohammed al-Halabi, til 12 år i fengsel for å ha støtta den palestinske, politiske gruppa Hamas med millionar av dollar, melder AFP.

Al-Halabi har allereie vore fengsla i seks år.

Organisasjonen World Vision skriv på sine eigne nettsider at dei er skuffa over dommen, som dei meiner bygg på feil bevis og fakta.

Hamas blei grunnlagt i 1987, men rørsla går ut frå Det muslimske brorskap som har eksistert i Palestina i fleire tiår.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no