Island skal låne AstraZeneca-dosar

Det islandske helsedepartementet melder på nettsidene sine at Island gjennom ein avtale med Noreg skal låne 16.000 dosar av AstraZeneca-vaksinen.

Det var VG som omtalte saka fyrst.

Dosane er venta å kome til Island denne veka og vil verte fordelt i neste veke. Styresmaktene her i Noreg har sett vaksineringa med AstraZeneca på pause etter meldingar om sjeldne blodpropptilfelle, og vaksinen er ikkje i bruk i Noreg i dag.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no