Hopp til innhold

Island opphevar alle koronareglar

Frå og med i morgon vil alle koronarestriksjonar bli oppheva på Island, opplyser regjeringa på ein pressekonferanse i dag.

Munnbindpåbod og avgrensingar på tal personar samla er dermed saga blott, melder RÚV.

Vaksinerte og dei som har gjennomgått koronasjukdom vil heller ikkje bli testa ved innreise til Island. Uvaksinerte må derimot framleis testast og gå i ein femdagars karantene.

Island er dermed det første nordiske landet som opphevar alle koronarestriksjonar innanlands.

Over 90 prosent av dei over 16 år har fått vaksine, og det er over ei veke sidan det var eit smittetilfelle på øya.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no