Hopp til innhold

Isen i Antarktis smeltar frå undersida

Varmare vatn er blitt ei stadig større utfordring for dei enorme isbremmane som flyt på havet langs kysten i Antarktis.

– Sidan 2016 har innstrøyminga av varmt vatn auka. Det varme vatnet, djupt nede i havet utanfor kysten, har i større grad komme inn under isbremmen og ført til at isen smeltar frå undersida, seier ein av forfattarane bak ein ny rapport, oseanograf Tore Hattermann ved Norsk Polarinstitutt.

Forskarane meiner dette har samanheng med at sirkulasjonen nede i havet har endra seg. Vestavindane rundt kontinentet har blitt sterkare, noko som fører til at det varme vatnet kjem nærare kysten.

Dei har undersøkt endringane på isbremmen samanhengande sidan 2010.

Rapporten er laga av forskarar frå Norsk Polarinstitutt i samarbeid med kollegaer frå Universitetet i Bergen, og blei presentert i det internasjonale tidsskriftet Nature Geoscience no i ettermiddag.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no