Hopp til innhold

IS-leiar drepen

IS-leiaren Abu al-Hassan al-Hashemi al-Qurashi er drepen. Det stadfestar ein talsmann i ei lydmelding på Telegram, ifølge Reuters.

Det er Den frie syriske hær som står bak drapet, som fant stad i oktober. Det heiter det i ei utsegn frå det amerikanske forsvaret.

Han seier ikkje noko om når og kvar leiaren skal ha blitt drepen.

Gruppa har valt Abu al-Husayn al-Husayni al-Qurashi som ny leiar.

«Qurashi» visar til profeten Muhammeds stamme. IS-leiarane hevdar dei er etterkommarar av profeten.

IS-talsmannen gav ikkje nokon detaljar om den nye leiaren, men sa at han skal vere ein «erfaren» jihadist.

I februar i år vart den tidlegare IS-leiaren Abu Ibrahim al-Qurashi drepen i eit amerikansk raid i den syriske provinsen Idlib.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no