Iran utset avretting

Iran har på nytt utsett avrettinga av Arman Abdolali, som er dømd til døden for eit drap han gjorde då han var 17 år, melder AFP.

Den no 25 år gamle Abdolali blei gripen i 2014 og funnen skuldig i drap på kjærasten sin.

Avrettinga skulle etter planen ha funne stad for ei veke sidan, men blei avlyst i siste liten.

FN og Amnesty International har protestert mot den varsla avrettinga, og viser til at Abdolali var mindreårig då brotsverket skjedde.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no