Internasjonal domstol meiner USA har brote internasjonal lov
Den internasjonale domstolen (ICJ) i Haag har konkludert med at USA har brote internasjonal lov då dei fraus iranske midlar. Dommen gjeld for delar av dei frosne midlane, melder Reuters.
Iran trekte USA for retten i 2016, med skuldingar om at USA braut ein vennskapsavtale frå 1955 ved å la domstolane fryse midlane til iranske selskap.