skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Valg 05 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Innenriks > Valg > Valg 2005 Sist oppdatert 14:40
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Telemark etter Alvheim

Den mest fargerike – og mektigaste Telemarks-representanten gjennom 16 år John Alvheim frå Framstegspartiet pensjonerer seg. Ingen, korkje i Frp eller andre parti, står klar til å erobre Alvheims posisjon på Telemarksbenken.

Publisert 15.06.2005 11:27.
Gisle Espeland

Telemark er tradisjonelt eit raudt fylke, men den tidlegare suverene posisjonen til venstresida er sakte men sikkert jamna ut også i dette industritunge fylket. Vi må heilt tilbake til Stortingsvalet i 1977 for å finne overvekt i representasjon for Ap/SV frå Telemark. Ved alle val sidan har det blitt uavgjort blokkene i mellom.

Telemark sender berre seks representantar til Stortinget, og med ny valordning i år der den siste plassen er eit utjamningsmandat, er det meir usikkert enn før korleis mandata vil fordele seg. Regjeringspartia har kniven på strupen: Viss vinden ikkje snur for Høgre og Kristeleg Folkeparti, kan faktisk alle dei noverande regjeringspartia bli heilt utan representasjon frå Telemark i neste periode.

Profilar

Telemark har ingen representant som kan fylle plassen etter John Alvheim, Frp, som her heldt innlegg på sitt siste landsmøte i partiet i mai i år. (Foto: Scanpix)

Telemark har berre ein Stortings-representant som har markert seg i rikspolitikken dei siste periodane, og det er Framstegspartiets helse og sosialpolitiske talsmann John Alvheim; kalla for helse-Noregs mektigaste mann.
Alvheim er Stortingets eldste representant og gir seg no i ein alder av 75 år. Han etterlet seg eit tomrom som ingen på den framtidige Telemarksbenken står klar til å fylle. Framstegspartiet kan trøyste seg med at dei kan få inn to mann for første gong frå Telemark, og det kan jo gjere arven etter Alvheim lettare å bere.

Kamp om to plassar

Meiningsmålingane det siste året før valet har vore ganske eintydige på at Arbeiderpartiet framleis vil få inn to: Sigval Oppebøen Hansen (55) frå Nissedal og Gunn Olsen (53) frå Kragerø kan innstille seg på attval. Vidare er Framstegspartiet sikre på ein; ny toppmann er Bård Hoksrud frå Bamble. SVs Sigbjørn Molvik har ein periode bak seg i parlamentet, og kan rekne seg nokolunde sikker på fornya tillit.

Då står i realiteten kampen i Telemark om det femte og siste distriktsmandatet pluss eit utjamningsmandat som det er umogleg å spå om kven som vil vinne.
Dei siste meiningsmålingane viser omtrent dødt løp mellom Ap som sloss for sitt tredje mandat, FrP som sloss for sitt andre, og Høgre som må kjempe for at Kari Lise Holmberg skal få fornya tillit frå Telemarks-veljarane.
Kristeleg Folkeparti som har hatt ein representant frå Telemark samanhengande sidan 1961, ligg klart etter dei andre partia i kampen om 5.plassen. Sjansen ligg i å erobre utjamningsmandatet, og dette er også Senterpartiet sin sjanse.

Arbeidarpartiet

Ap har i sine glansdagar hatt fire av seks stortingsrepresentantar frå Telemark, sist det skjedde var ved valet i 1977. Denne perioden har Ap berre to, men er altså no absolutt med i kampen om å auke representasjonen. Ny kampkandidat er Terje Lien Aasland, (40) frå Skien. Han kjem frå LO-systemet og har den framleis mektige fagrørsla i Grenland i ryggen. Det kan hjelpe han til dei nødvendige ekstra stemmene i ein situasjon der dei fagorganiserte har stor tillit til Arbeidarpartiet, og tilsvarande mindre til SV i den viktigaste saka for Telemark: Gass til Grenland.

Framstegspartiet

Frp har som nemnt ei stor utfordring i Telemark: Å fylle tomrommet etter veteranen John Alvheim. Bård Hoksrund (32) frå Bamble og Kåre Fostervold (36) frå Porsgrunn skal fronte denne. Hoksrud er oppflaska i partiet, har vore leiar i FrpU sentralt og heiltidspolitikar mesteparten av sitt vaksne liv. Fostervold er ferskare politisk og har mest røynsle frå lokalpolitikken i Porsgrunn.

Sosialistisk Venstreparti


SV har ei uroleg historie i Telemark. Partiet hadde ein markert kommunalpolitisk talsmann på Stortinget i Børre Rønningen frå 1989 til 1977. Han kom i konflikt med partiet både sentralt og lokalt, og gjekk til Ap etter at han forlot Stortinget. Overgangen brakte han rett til ordførarstolen i heimkommunen Vinje.

Men SV kom likevel tilbake ved førre val med Sigbjørn Molvik (55) frå Skien på topp. Han stiller igjen, med nestleiar i partiet sentralt, Henriette Westrin (32) frå Kragerø på andre plass. På dei aller beste meiningsmålingane for SV har partiet vore med i kampen om to representantar frå Telemark.

Høgre

Høgre har aldri oppnådd same veljar- oppslutning i Telemark som elles i landet, og no må Kari Lise Holmberg (54) frå Skien kjempe for å halde på plassen. På høgrebølgjas topp på åttitalet hadde Høgre to representantar frå Telemark, og partiet har vore fast på Stortinget sidan valet i 1961. Heller ikkje Holmberg har i løpet av dei første fire åra på telemarksbenken klart å fylle plassen etter den markerte og til dels omstridde forgjengaren, Ingvald Godal.

Kristeleg Folkeparti

KrF har som Høgre vore fast på Stortinget sidan 1961, blant anna med ein markert rikspolitikar som Solveig Sollie i fleire periodar. Bror Yngve Rahm (50) frå Skien stiller til val for sin tredje periode, og har store utfordringar som partiet elles framføre dette valet. Han har vore leiar i energi og miljøkomiteen på Stortinget den siste perioden, og var med på å føre gassforliket med Arbeidarpartiet i hamn i vinter.

Trass i eit godt sluttresultat for næringslivet i Grenland, ser det ikkje ut til at Rahm har fått den utteljinga han personleg hadde håpa på i denne saka. Rahms største sjanse til attval ligg nok i at utjamningskabalen endar med at KrF har flaks i Telemark.

Senterpartiet

Sp har aldri heilt fått grepet om Telemark, og kan vise til Stortingsrepresentasjon i berre ein periode dei siste 40 åra. Men partiet står sterkt i distrikts-telemark og har framleis fleire markerte ordførarar som får stor personleg oppslutning ved kommunevala.
Dei stiller til val med ein populær eks-ordførar: Torunn Hovde Kaasa (49) frå Hjartdal. Ho er profilert på Senterpartiets hjertesaker, men slit med å skaffe partiet stemmer i Grenland. Som for KrF er det utjamningsmandatet som er Hovde Kaasas sjanse ved dette valet.

Venstre

Venstre har ei glansrik historie i Telemark som så mange andre stader, og kan vise til markante rikspolitiske namn bakover i tida. Det har vore til lita hjelp ved dei siste vala, og partiet slit under sperregrensa både i val og på meiningsmålingar.
Partiet stiller med ny toppkandidat i år, Kjell Stundal (60) frå Bø. Ein røynd lokalpolitikar som er mest kjend for sitt engasjement i Norske Høgfartsbanar.

Siste saker:

 
VALG 2005 - SISTE SAKER
 
 

Stoltenbergs mannskap

Erfaring er stikkordet for Stoltenbergs nye regjering, som presenterte seg for folket på Slottsplassen i Oslo i ettermiddag.

- Alle skal bli vinnere

- I motsetning til tidligere regjeringsforhandlinger, vet vi at vår plattform vil bli norsk politikk. Vi har flertall på Stortinget, sa Jens Stoltenberg.

Rødgrønn åpning i dag

Regjeringskameratene møtes i dag for første gang for å diskutere seg frem til det de har lovet skal bli en ny kurs for Norge.

 
Valg 2005

Hovedside for Valg 05

Valgresultatene

Test din stemme

Sammenlign partiene

Spør partilederne!

Næringspolitisk utspørring

Geir Helljesens valgskole

Partihistorie

Valg-Sudoku

Helljesens vanskelige valg-quiz

Valgfleskspillet

På radio og TV

 

Geir Helljesens valgskole

NRKs valgveteran gir deg et lynkurs i valgkunnskap. Noe du lurer på? Valgskolen finner du her.

Ungdommens drømmeregjering

NRK.no/nyheter har invitert ungdomspartiene til å presentere sin drømmeregjering. Resultatet finner du her!
Fylke for fylke

NRKs valgdekning

Valgkampen på TV, radio og nrk.no.

Partienes historie

Vi leder deg gjennom våre ni største partiers historie.
10 SISTE VALGSAKER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no