skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Valg 05 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Innenriks > Valg > Valg 2005 Sist oppdatert 14:40
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Frp-thriller i Sogn og Fjordane

I Sogn og Fjordane går det mot eit svært spennande val. Framstegspartiet kan få sitt første mandat nokon sinne, viss førstekandidaten Åge Starheim held fram med å skaffa partiet jamt gode målingar.

Publisert 13.06.2005 14:49.
Kai Aage Pedersen

Åge Starheim kan bli første Frp-representant frå Sogn og Fjordane.(Foto: NRK)
Tidlegare har partiet tapt valet på målstreken, fordi veljarane i fjordfylket ofte går tilbake til partiet dei har røysta på tidlegare,når alvoret melder seg.

I Høgre vart stortingsrepresentant Sverre Hoddevik vraka som listetopp under nominasjonen til fordel for Mathias Råheim frå Gaular.
Spørsmålet er om Råheim er pirrande nok for folk i Sogn og Fjordane, eller om høgresida i fylket vil støtta Framstegspartiet.

SV i støtet

Heidi Grande Røys (SV) frå Florø gjorde eit godt val sist etter mobilisering på kysten. Partiet har godt drag i dei nasjonale meiningsmålingane, og kanskje er dette nok til å gi Heidi Grande Røys fornya tillit på Stortinget.

Liv Signe Navarsete (Sp) går mot ein sikker plass på Storinget. Det same gjeld Reidar Sandal som toppar lista til Arbeiderpartiet. Bak han kjem Ingrid Heggø frå Høyanger som kan bli mandat nummer to for Arbeidapartiet viss det går bra i valkampen. Heggø fekk andreplassen på lista etter tøff nominasjonsstrid. Utfordringa hennar blir å overtyda folk, spesielt i Indre Sogn, om at ho er ein politikar som også kan tala deira sak, slik at ikkje indresogningane hentar fram Senterpartiet og Liv Signe Navarsete når dei skal røysta.

Utrygt for KrF

Per Steinar Osmundsnes (KrF) vann kampen mot Trude Brosvik i nominasjonen, men er ikkje sikker på fornya tillit på Stortinget. KrF må kjempa mot Ap og Senterpartiet som begge har von om to mandat, og i tillegg SV, Høgre og Framstegspartiet som vil setja alt inn på å sikra seg plass på Stortinget.

Og som utsidar kan til dømes Venstre komma som troll av ei øskje. Ikkje som utfordrar til mandat på vanleg vis, men som utjamningsmandat. Viss Venstre kvalifiserer seg til eit slikt mandat, og dette hamnar i Sogn og Fjordane, kan det altså bli ordføraren i Eid, Gunvald Ludvigsen, som trekkjer det lengste strået, og blir Sogn og Fjordane sin femte stortingsrepresentant den neste fireårsperioden.

Siste saker:

 
VALG 2005 - SISTE SAKER
 
 

Stoltenbergs mannskap

Erfaring er stikkordet for Stoltenbergs nye regjering, som presenterte seg for folket på Slottsplassen i Oslo i ettermiddag.

- Alle skal bli vinnere

- I motsetning til tidligere regjeringsforhandlinger, vet vi at vår plattform vil bli norsk politikk. Vi har flertall på Stortinget, sa Jens Stoltenberg.

Rødgrønn åpning i dag

Regjeringskameratene møtes i dag for første gang for å diskutere seg frem til det de har lovet skal bli en ny kurs for Norge.

 
Valg 2005

Hovedside for Valg 05

Valgresultatene

Test din stemme

Sammenlign partiene

Spør partilederne!

Næringspolitisk utspørring

Geir Helljesens valgskole

Partihistorie

Valg-Sudoku

Helljesens vanskelige valg-quiz

Valgfleskspillet

På radio og TV

 

Geir Helljesens valgskole

NRKs valgveteran gir deg et lynkurs i valgkunnskap. Noe du lurer på? Valgskolen finner du her.

Ungdommens drømmeregjering

NRK.no/nyheter har invitert ungdomspartiene til å presentere sin drømmeregjering. Resultatet finner du her!
Fylke for fylke

NRKs valgdekning

Valgkampen på TV, radio og nrk.no.

Partienes historie

Vi leder deg gjennom våre ni største partiers historie.
10 SISTE VALGSAKER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no