Det blir ikkje noko avklaring i Stortinget i vår om kommuneøkonomien neste år. - Dette skal det drivast valkamp om, seier Magnhild Meltveit Kleppa (Sp).
Av
Bjørn Bø
|
- Dette skal vi drive valkamp om, seier Magnhild Meltveit Kleppa (Sp). |
Det er ikkje fleirtal på Stortinget for noko forslag om rammer, og forslaga sprikar frå 1,3 milliardar kroner til 6,8 milliardar kroner.
- Kommunane må smøre seg med tolmod. For dette skal vi drive valkamp om, seier Magnhild Meltveit Kleppa frå Senterpartiet.
Stortinget skal torsdag i prinsippet vedta kommunerammene for neste år. Det er for at kommunane skal kunne førebu budsjetta sine.
Kanskje blir det eit vedtak no om Framstegspartiets sum. Men her skal det altså drivast valkamp, og alt kan bli kvervla opp att etter valet.
- Dette er ikkje bra, seier leiar i Kommunenes Sentralforbund, Halvdan Skard.