SV går fram med heile 3,2 prosentpoeng, til ei oppslutning på 18,9 prosent, i april-målinga frå Opinion.
SE OGSÅ: |
|
|
ALT OM: |
|
Av
Tor Helge Haugland
Det raudgrøne regjeringsalternativet har nok ein gong fleirtal i målinga, som er gjort 4.-6. april for NRK og Aftenposten.
Arbeidarpartiet, SV og Senterpartiet kjem ut med 91 av dei 169 stortingsplassane.
I målinga tangerer SV heile 19 prosent. Til samanlikning fekk partiet ei oppslutning på 12,5 prosent ved Stortingsvalet i 2001. Og det var det beste SV-valet nokon gong.
Også Senterpartiet får ein liten oppgang, til 5,4 prosent, medan Arbeidarpartiet, som for tida har landsmøte, går tilbake.
Av regjeringspartia er det Høgre som er vinnaren, dei går fram med 2,6 til ei oppslutning på 20,1 prosent. For Kristeleg Folkeparti og Venstre er det berre små endringar.
Framstegspartiet går tilbake omtrent like mykje som Høgre går fram. Med minus 2,3 får Frp ei oppslutning på 16,9 prosent.