skilleIngrid Alexandra bannerskille_slutt
Toppbanner 2_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Innenriks > Kongehuset > Prinsessebryllupet Sist oppdatert 11:17
Ansvarlige for bryllupssidene:
Tor Berre og Erik Bolstad
Telefon:
23 04 26 43 (Oslo)
73 88 12 00 (Tyholt)
Les gjerne gjennom
før du sender inn spørsmål!

 

Får domene i bryllaupsgåve

Viss prinsesse Märtha og Ari Behn tek i bruk domenenamnet dei har fått i gåve vil du finne heimesidene til paret på www.prinsessa.no
Viss prinsesse Märtha og Ari Behn tek i bruk domenenamnet dei har fått i gåve vil du finne heimesidene til paret på www.prinsessa.no
Prinsesse Märtha og Ari Behn får domenenamnet www.prinsessa.no i bryllaupsgåve av Noregs Mållag.

Publisert 22.05.2002 18:59. Oppdatert 22.05.2002 19:01.
Eventyrprinsessa. Foto: NRK
Prinsesse Märtha Louise og Ari Behn har på kvar sitt vis synt interesse for norsk folkekultur. Prinsesse Märtha Louise er den høge vernaren av Dei Nynorske Festspela i Volda og Ørsta og ho les folkeeventyr både på samisk, nynorsk og bokmål.

- Mållaget vil takke prinsessa for dette arbeidet, samtidig som vi vonar paret vil halde fram med å bruke mangfaldet av kultur og språk som Noreg har, seier Vidar Lund, leiar i Noregs Mållag i ei pressemelding i dag. Noregs Mållag vil gje domenenamnet www.prinsessa.no til brureparet.

Noregs Mållag sikra seg domenenamnet for om lag eitt år sidan, etter at det vart oppdaga at dei nynorske domenenamna for mellom anna regjeringa og prinsessa ikkje var sperra for misbruk.

Siste saker:

 
Vær med på hele Norges gratulasjon til Märtha og Ari
10 SISTE KONGEHUSET
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no