skilleIngrid Alexandra bannerskille_slutt
Toppbanner 2_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Innenriks > Kongehuset > Prinsessebryllupet Sist oppdatert 11:17
Ansvarlige for bryllupssidene:
Tor Berre og Erik Bolstad
Telefon:
23 04 26 43 (Oslo)
73 88 12 00 (Tyholt)
Les gjerne gjennom
før du sender inn spørsmål!

 

Kongeleg mote

Haakon og Mette-Marit. Foto: Scanpix
Haakon og Mette-Marit. Foto: Scanpix
Medan vi ventar på å få sjå kjolen til Märtha, kan vi ta ein titt på tidlegare kongeleg mote.

Publisert 17.05.2002 14:40.
SE OGSÅ:
ALT OM:
Ein stor del av merksemda kring det komande prinsessebryllaupet er naturleg nok retta mot bryllaupskjolen til Märtha. Kva kan vi vente oss denne gongen? Kjolen er framleis ein godt skjult løyndom, men medan vi ventar, kan vi jo ta ein titt på kjolemoten som vart inspirert av dei førre kongepara.

Kongeleg mote

Frå gamalt av har kongehusa vore trendsetjarar for både galla- og kvardagsmoter, og den sterke påverknaden ser ikkje ut til å ha avteke.

Dronning Maud

Dronning Maud

Ikkje minst er garderoben til dronning Maud eit slåande døme på grensesprengjande damemote på byrjinga av nittenhundretalet. Maud-moten var prega av stadig auka komfort, men aldri på trass av kvalitet og eleganse.

I fjor hadde Stiftsgården i Trondheim ei utstilling med kjolar som vart brukt i samband med kroninga av Haakon og Maud i 1906 og signinga av Olav i 1958. Her er ein liten smakebit frå utstillinga.

Kjolene på biletet over vart brukt av gjester under kroninga av Haakon og Maud i 1906 og signinga av Olav i 1958.


Den fyrste kjolen på biletet er laga av lilla silke med frynser og broderi med gulltråd og vart brukt av fru Peter Nielsen i 1906. Paret var busett i Kina, og det er mogleg at kjolen var sydd der.

Den andre kjolen er laga av grøn silke. Tettsitjande liv med firkanta ringjingar framme og bak. Kjolen vart brukt av fru Aagot S. Dahl i Trondheim i 1906.

Den tredje kjolen vart brukt av fru Gudrun Smith-Olsen under signinga av kong Olav i 1958. Kjolen er maskinsydd på eit stoff med eit abstrakt og utflytande mønster i grått og rosa på kvit botn.



Av Erik Bolstad
Kjelde: Nordenfjeldske kunstindustrimuseum

Siste saker:
Siste saker:

 
Vær med på hele Norges gratulasjon til Märtha og Ari
10 SISTE KONGEHUSET
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no