OVERSIKT NYHETER SPORT MUSIKK UNDERHOLDNING FILM LITTERATUR MAT BARN UPUNKT
NRK Monarkiet i Norge

Her er du: NRK > Nyheter > Innenriks > Kongehuset > Kronprinsbryllupet > Monarkiet

Oppdatert 28.01.2002 15:34

Bryllupet
KONGEPAR

Brudeparet
Vær med på hele Norges gratulasjon
Monogram 100
 
 SEND DIN HILSEN KONKURRANSER DEBATT

Korleis hilse ei prinsesse?

Publisert 22.08.2001 14:27

Ein skal halde tunga rett i munnen for å tiltale kongelege på korrekt vis. Her er eit lynkurs for dei usikre.

Giftarmålet den 25. august krev at journaliststanden skjerpar seg, no som så mange fleire skal dekkje kongestoff.

Ikkje til alters

Dagsavisen har allereie skrive at kronprins Haakon skal gå til alters med frøken Tjessem Høiby. Å gå til alters tyder å motta nattverd. Det skal dei to ikkje, iallfall ikkje den dagen. Dei skal gå til alteret.

Det er heller ikkje slik at utanlandske regentar vil fyke rundt i Oslo. Dagsrevyens hoffreporterar fortel til dømes, når kongar møtest, at “dei to regentane hadde mykje å snakke om”.

Neppe regentar

Regenten er per definisjon ikkje til stades på slike møte. Nynorskordboka fortel at ein regent er ein riksstyrar. Ordet blir ofte brukt om ein tronarving eller fyrste “som mellombels styrer for konge”, jamfør kronprinsregent.

Lynkurs

NRKs språkvitar Jon Peders Vestads summerer opp slik:

Vi har to majestetar i Noreg, kongen og dronninga.

Kronprinsen og systra hans er ikkje majestetar, men “høgvørde kongelege” på nynorsk. På bokmål er dei “kongelige høyheter”.

Frøken

Kronprinsen og Mette-Marit Tjessem Høiby vil formelt ikkje kunne omtalast som “kronprinsparet” før bryllaupet. Til då kan vi omtale dei som “det framtidige kronprinsparet”, “kronprins Haakon og Mette-Marit Tjessem Høiby” eller “kronprins Haakon og hans forlova/trulova”.

På Slottet har Vestad fått vite at frøken Tjessem Høiby skal omtalast slik (frøken + etternamn) eller med fullt namn, aldri med berre fornamnet.

Tiltaleformene:

Til kongen seier vi Dykkar Majestet; til kongeparet kan vi seie Dykkar Majestetar.

På bokmål: Deres Majestet, Deres Majesteter. Kongen kan tiltalast som Herre Konge, dronninga høge Dronning på nynorsk.

Omtaleformene:

1. Hans Majestet Kongen, Hans Majestet Kong Harald.
2. kong Harald og dronning Sonja, kongen og dronninga.
3. Hennar Majestet Dronninga; Hennar Majestet Dronning Sonja.. På bokmål: Hennes Majestet Dronningen; Hennes Majestet Dronning Sonja.
4. Dei høgvørde kongelege. På bokmål: De Kongelige Høyheter.
5. prinsessene, prinsesse Ragnhild, fru Lorentzen; prinsesse Astrid, fru Ferner (legg merke til kommaet mellom fornamn og etternamn).

Protokoll

Slottet og Språkrådet er usamde om store forbokstavar.

Slottet seier at det protokollært, altså i alle offisielle samanhengar, alltid skal brukast store. Det inkluderer eit kvart statsbesøk, alle rundreiser kongeparet gjer og truleg all annan omtale.

Pressa følgjer normalt ikkje denne normen. Men hugs at Kongen i statsråd og som institusjon skal skrivast med stor k. Det majestetiske “vi” ("Vi, kong Harald") har også stor forbokstav.

(Kilde: Journalistens språkspalte)


LENKER
  • Tiltaleguiden Språkvitar Jon Peder Vestads heimeside



  • Monarkiet
    – Forstår dem som er skeptiske (24.08.2001)
    Skryter av lille Marius (23.08.2001)
    Bryllaupskaker gjennom soga (22.08.2001)
    Bryllupsfesten i 1968 (22.08.2001)
    Si din mening (22.08.2001)
    Den skjøre norske selvfølelsen (22.08.2001)
    Harald bryllupstale i 1968 (15.08.2001)
    Time for time under bryllupet (10.08.2001)
    Ti år siden første statsråd  (19.07.2001)
    Kongerekka (18.07.2001)
    Myten om blått blod (17.07.2001)
    Nyhetsarkiv (09.07.2001)
    Haakon og Maud (30.06.2001)
    Olav og Märtha (30.06.2001)
    Harald og Sonja (30.06.2001)
    – Ja, eg har ein kjærast (21.06.2001)
    Historisk vink fra balkongen (17.05.2001)


    Konkurranse Gratulasjon Bakgrunn

    Tegnekonkurranse

    Kle deg ut

    Vær med på hele Norges gratulasjon til Haakon og Mette-Marit. Send inn din hilsen i dag.

    Oppdaterte nyheter

    Brudeparet

    Monarkiet


     
     
    SØK

    KRONPRINSBRYLLUPET
    Kjøp bryllupsvideo/DVD
    Se bryllupsbyen direkte
    Tgenekonkurransen
    Diskuter kronprinsbryllupet
    Spør Anne
    Danseskolen
    10 SISTE MONARKIET
    27.08.2001 07:22
    Slottet fornøyd
    25.08.2001 20:21
    Offisiell fotografering
    25.08.2001 19:02
    Kronprinsparet viet
    25.08.2001 17:56
    Kronprinsparet viet
    23.08.2001 09:51
    Skryter av lille Marius

    Copyright NRK © 2001   -  Telefon: 815 65 900  -   E-post: info@nrk.no   -   03.01.2009 10:54