skilleIngrid Alexandra bannerskille_slutt
Kongehuset
Her er du: NRK.no > Nyheter > Innenriks > Kongehuset Sist oppdatert 13:17
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Leah eit populært namn

Leah Isadora Behn blir namnet på den nyfødde dottera til prinsesse Märtha Louise og Ari Behn. Leah er eit namn som har auka kraftig i popularitet dei siste åra.

Publisert 08.04.2005 15:40. Oppdatert 08.04.2005 16:48.
SE OGSÅ:
ALT OM:
Av Tor Helge Haugland

Namnestatistikken til Statistisk Sentralbyrå viser at Leah skrive med h er det 278 andre her i landet som har som første førenamn. Av desse har 147 det som einaste førenamn.

Og brukskurva for Leah går omtrent rett opp frå rundt år 2000.

Det same viser seg for Lea skrive utan h. Det har 736 kvinner her i landet som første førenamn, og 413 som einaste førenamn. Også her går brukskurva omtrent rett opp frå rundt 1995.

Få Leah Isadora

Leah Isadora eller Lea Isadora er det derimot svært få her i landet som har som namn. Statistikken viser at det iallfall ikkje er fleire enn 3.

USTYRLEG KU: – Namnespesialistane meiner Leah skal tyde noko som ustyrleg ku eller vill ku, men dei er ikke heilt samde, seier språkdirektør Sylfest Lomheim.
Isadora åleine er det 4 som har som første førenamn, men under 3 som har som einaste førenamn.

Språkdirektør Sylfest Lomheim seier til NTB at han ikkje har funne nokon med namnet Leah Isadora i kongeriket.

Av utanlandske namnesystrer er nok amerikanske Isadora Duncan den mest kjende. Ho levde frå 1878 til 1927, og var kjend som ein pioner for moderne dans.

Bibelsk namn

Det mindre uvanlege Leah er eit bibelsk namn som også blei brukt ein del før i tida.

Når det gjeld skrivemåten, med h til slutt, er dette ikkje den vanlege norske skrivemåten. På norsk skriv vi til vanleg Lea.

– Men det finst grunnlag for h-en i engelsk, og den hebraiske skrivemåten gjev også grunnlag for h. Så skrivemåten er ikkje teken rett ut av lufta, det er ingen snobbe-h, seier Lomheim.

Når det gjeld tydinga, kan ein seie si at denne står i kontrast til hesteinteressa til mor Märtha.

– Namnespesialistane meiner Leah skal tyde noko som ustyrleg ku eller vill ku, men dei er ikke heilt samde. Namnet er jo svært gammalt, seier Lomheim.

Gudegåve

Isadora er like mystisk som det er sjeldant.

– Dette er ein skikkeleg namnerebus. Det kan vere ein variant av det spanske namnet Isabella, og i så fall er Isa eigentleg ei forkorting av Lovisa, som er det same som Lousie. Så ei mogeleg tolkning er at det kan vere ei oppkalling etter mora, seier Lomheim.

Han heller likevel mest til oppfatninga at den nyfødde har fått den kvinnelege varianten av det greske namnet Isidor etter ein biskop i den greskortodokse kyrkja.

– Isidor tyder gåve frå gud. Isis er namnet på ein gammal, heidensk gud, seier han.

Ikkje dronningnamn

Språkdirektøren vil ikkje ha for sterke meiningar om namnevalet til den nyfødde, som er nummer fem i arverekkja til trona.

– I og med at dei er i utkanten av den sentrale kongefamilien, må dei få lov til å vele ganske fritt. Men hadde det vore i den sentrale kongefamilien, der det blir snakk om sannsynleg konge- og dronningrekkje, då hadde ingen av desse namna passa, meiner Lomheim.

LENKER
Siste saker:

 
10 SISTE NYHETER
50 SISTE KONGEHUSET
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no