Hopp til innhold

Ingen samtalar med Frankrike

Australias statsminister Scott Morrison seier det ikkje blir tid til å møte Frankrikes president Emmanuel Macron under FNs hovudforsamling for å snakke om ubåtavtalen som har skapt splid mellom landa.

Australia skrota ein milliardavtale om å kjøpe franske ubåtar, til fordel for ein forsvarsavtale med USA og Storbritannia.

– Eg har ikkje anledning til å møte Macron no, men eg er sikker på at anledninga byr seg på eit seinare tidspunkt, sa Morrison til frammøtte journalistar, melder Reuters.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no