Hopp til innhold

Ingen arresterte etter slåstkamp

Politiet har avhøyrt fleire vitne, menn ikkje arrestert nokon etter at ein mann i 20-åra blei alvorleg skadd i ein slåstkamp i Møllergata i Oslo natt til søndag.

Det skriv NTB.

Mannen skal ikkje vera livstruande skadd. Ifølgje politiet har det blitt brukt øks eller machete under slåstkampen.

Fleire patruljar deltok i søket etter dei mistenkte, men søndag ettermiddag var ingen arresterte i saka. Politiet er på utkikk etter ein eller to gjerningsmenn.

Politiet opplyser at dei involverte truleg hadde ein relasjon.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no