Inga byrådsavklaring i Oslo

Ordførar i Oslo, Marianne Borgen (SV) seier at det ikkje har skjedd noko nytt i byrådssamtalane i løpet av helga. Det skriv NTB.

Ordføraren har invitert gruppeleiaren i Høgre, Anne Haabeth Rygg, til ein samtale måndag.

– Så tar vi det derifrå, seier Borgen til NTB.

Rygg bad før helga om meir tid til å vurdera situasjonen. Kva som no skjer vidare, er avhengig av kva signal Rygg gir måndag, opplyser Borgen.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no