Inflasjonen stig i Storbritannia for fyrste gong i år
Den britiske prisstiginga enda på 2,2 prosent i juli ifølgje tal frå den britiske sentralbanken.
Det var venta at inflasjonen skulle stige til 2,3 prosent, men resultatet er noko lågare, skriv Sky News.
1. august valde den britiske sentralbanken å setje ned styringsrenta med 0,25 prosentpoeng til 5 prosent. Det var det fyrste rentekuttet i landet sidan starten på pandemien for over fire år sidan.
(NTB)