Hopp til innhold

India vil auke oljeimporten frå Russland

India vil auke importen av russisk olje, som landet får kjøpe for 20 prosent under marknadspris, ifølgje indiske medium.

India avstod, saman med Kina og Dei sameinte arabiske emirata frå å stemme då FNs tryggingsråd førre månad stemde over ein resolusjon som fordømde Russlands invasjon av Ukraina. Russland nytta vetoretten og hindra at resolusjonen vart vedteken.

USA har innført oljeboikott av Russland som følgje av krigen og prøver å få andre land med på det same. Det er uaktuelt for India, som ifølgje ein tenestemann no vil auke importen av russisk olje.

(NTB)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no