Hopp til innhold

Imran Khan møter i retten i Pakistan

Politiet i Lahore tok seg i dag inn i bustaden til den tidlegare statsministeren i Pakistan Imran Khan.

Dette skjedde samtidig som Khan møtte i retten etter at arrestordren mot han vart trekt tilbake.

I fleire dagar har tilhengarane til Khan stått utanfor huset hans og det har vore samanstøyt mellom dei og politiet, som har prøvd å arrestere Khan.

Khan er skulda for å ulovleg har selt gåver han fekk frå andre land medan han var statsminister, noko han sjølv avviser.

Den tidlegare cricketstjerna vart avsett som statsminister etter eit mistillitsvedtak for snart eit år sidan.

Valkommisjonen har tatt frå han retten til å ha politiske verv i éin valperiode.

Tilhengjarar samla seg rundt bilen til tidlegare statsminister Imran Khan då han køyrde til rettslokalet laurdag.
Foto: AAMIR QURESHI / AFP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no