Ikkje utelukka å avlyse OL

Det er framleis ikkje utelukka å avlysa OL i Tokyo til sommaren heilt. Det seier generalsekretæren i regjeringspartiet til kanalen TBS.

– Japan må gje opp arrangementet, dersom smittetala held fram med å auka, sa generalsekretæren.

Regjeringa har også opna for å arrangera OL heilt utan publikum.

Ei undersøking frå nyheitsbyrået Kyodo syner at 7 av 10 japanarar meiner OL bør bli utsett eller avlyst.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no