Ikkje nok for Vänsterpartiet

Nooshi Dadgostar i det svenske Vänsterpartiet er ikkje nøgd med statsminister Stefan Löfven etter sundagens pressekonferanse, seier ho til den svenske TV-kanalen SVT.

– Me gav regjeringa ei moglegheit på tysdag til å løyse situasjonen. Da sa me også tydeleg ifrå om kva me ynskte. Dette er useriøst og eit politisk teater, berre laga for å hale ut prosessen, seier Dadgostar.

Ho la til at Sverige framleis er på veg mot mistillit.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no