Ikkje kvinnefleirtal på Alltinget

Ein teljefeil i ein valkrins på Island førte til at stemmene måtte teljast på nytt, melder den islandske allmennkringkastaren RUV.

Det førte til endringar i utjamningsmandata. Styrkeforholdet mellom partia er det same, men det er ikkje lenger eit historisk fleirtal av kvinner på Alltinget.

Den neste perioden vil det vere 33 menn og 30 kvinner i parlamentet, ifølge RUV.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no