IAEA nekta tilgang i Iran

FNs atombyrå IAEA seier dei blei nekta viktig tilgang til ein fabrikk i Iran som lagar sentrifugekomponentar.

I ei fråsegn skriv byrået at dei på førehand hadde ein avtale om at dei skulle få sjå fabrikken.

IAEA-direktøren Rafael Grossi seier det er viktig at dei får tilgang til alle atomrelaterte fasilitetar i Iran.

No inspektørane fått tilgang til alle stadane dei har bede om, unnateke denne fabrikken, melder AFP.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no