Tal frå første kvartal er klare for Hydro
I dag blei det kjent at Norsk Hydro har nedgang i resultatet i årets første kvartal.
I ei pressemelding opplyser selskapet at verka i Vestland, på Husnes, i Årdal og i Høyanger, går i pluss i første kvartal.
Husnes går i pluss med 215 millionar kroner, Årdal med 440 millionar og Høyanger med 124 millionar.
Verket på Husnes i Kvinnherad leverer hovudsakleg produkt til den europeiske byggebransjen og bilindustrien. Dei merker at prisane på råvarer har stige dei siste åra, medan etterspurnaden på aluminiumsprodukt har gått ned.
– Vi har derfor stort fokus på forbetringsarbeid og å redusere dei kostnadene vi sjølv kan påverke. Vi gler oss over å sjå resultat av dette arbeidet, seier fabrikksjef ved Husnes, Jon Ola Ystgaard, i ei pressemelding.
Ved verket i Høyanger er resultatet frå årets første kvartal noko lågare enn på same tid i fjor, men fabrikksjef Ann Synnøve Øygård er nøgd likevel:
– For sjølv om vi har hatt lågare aluminiumsproduksjon i starten av året er drifta og utnyttinga av produksjonskapasiteten på topp, står det i ei pressemelding frå selskapet.
– Alt i alt har me hatt ein god start på 2024 med stabil drift, rekordlågt fluorutslepp og høg etterspurnad etter lågkarbonaluminiumet me kan levere, seier fabrikksjef Anveig Bjordal Halkjelsvik, ved Hydro Årdal.