Hopp til innhold

Hunden Bobi (30) kåra til verdas eldste hund nokosinne

Den 30 år og 228 dagar gamle portugisiske hunden Bobi er kåra til verdas eldste hund nokosinne av Guiness World Records, og slo med det ein rekord som har stått sidan 1939.

Bobi er ein reinrasa Rafeiro do Alentejo, som normalt har ein levealder på 12 til 14 år. Han har budd heile livet sitt saman med familien i landsbyen Conqueiros i Portugal.

Den tidlegare rekorden hadde den australske kveghunden Bluey, som døyde i ein alder av 29 år og fem månader i 1939.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no