Huitfeldt trur på Scholz

Det er framleis svært jamt etter valet i Tyskland, men sosialdemokratane i SPD har ei knapp leiing på det konservative partiet CDU.

Men stortingsrepresentant for Ap, Anniken Huitfeldt, trur Olaf Scholz blir Tysklands neste kanslar.

– Slik det ser ut no ser det ut til at sosialdemokratane blir størst, og då ligg dei best an til å få kanslaren, seier ho til NRK på SPDs valvake.

Ho trur Scholz og Støre vil kunne samarbeide godt om dei begge blir regjeringssjefar.

– Vi har mange felles interesser med Tyskland, så med to sosialdemokratiske regjeringar vil vi ha enda meir til felles, seier ho.

Anniken Huitfeldt
Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no