Hopp til innhold

HRW: Sri Lanka bruker unntakslover til å trakassera og arrestera demonstrantar

Menneskerettsorganisasjonen Human Rights Watch (HRW) seier at regjeringa i kriseramma Sri Lanka bruker nødlover for å trakassera og arrestera demonstrantar som ønsker politisk reform.

I ei utsegn sa organisasjonen at militæret forsøker å avgrensa protestar etter at Ranil Wickremesinghe blei innsett som ny president førre månad.

Det skjer ifølge HRW gjennom trugslar, overvaking og arrestasjonar av demonstrantar, aktivistar, advokatar og journalistar.

Presidenten, som sjølv har beordra arrestasjonane av demonstrantar, har lova redusert straff til dei som tok til vald ubevisst eller på oppfordring av andre. Til dei som har brote lover med vilje, har han varsla hardare straffer.

Sri Lanka er for tida inne i sin verste økonomiske krise på fleire tiår, og har mellom anna akutt mangel på drivstoff. I juli rømte tidlegare president Gotabaya Rajapaksa frå øystaten etter fleire månader med demonstrasjonar og uro.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no