Hotel Rwanda-helt dømt for terror

Paul Rusesabagina, som først blei hylla for å ha redda over 1200 liv under folkemordet i Rwanda, er no dømt for terror. Han var hotellsjef under folkemordet, og husa tutsi- og hutuflyktningar i hotellet sitt. Ingen av gjestane blei drepne.

I august 2020 blei Rusesabagina arrestert på skuldingar om terror, brannstiftelse og kidnapping. 67-åringen skal ha finansiert ei terrorgruppe som har tatt livet av ni personar. Rusesabagina nektar straffeskuld.

Rusesabagina er dømd til 25 år i fengsel.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no