Hopp til innhold

Høgaste talet på tapte arbeidsdagar i eit mellomoppgjer

– For å vera eit år med mellomoppgjer ser vi at det har vore mange og store arbeidskonfliktar.

Det fortel Tonje Køber, seksjonssjef for arbeidsmarknad og lønn i ein pressemelding frå SSB.

Vanlegvis pleier dei store arbeidskonfliktane oppstå i år med hovudoppgjer.

– Det har ikkje tidlegare vore registrert så mange tapte arbeidsdagar i eit år med mellomoppgjer i dei nærmare 30 åra SSB har tal for dette, seier ho.

I 2021 gjekk over 116 000 arbeidsdagar tapt i totalt 12 arbeidskonfliktar. Konfliktane involverte til saman i underkant av 24 000 arbeidstakarar.

Dette er langt fleire arbeidstakarar enn kva vi vanlegvis ser i forbindelse med eit mellomoppgjer, skriv SSB.

Gjennomsnittleg tal på tapte arbeidsdagar for dei ti åra med mellomoppgjer i perioden frå 2001 til 2019 var om lag 8 400, medan det gjennomsnittlege talet på arbeidstakarar involvert var i underkant av 600.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no