Hopp til innhold

Hjelpeorganisasjonar: – Verda må avslutte isoleringa av Taliban

Tre år etter at Taliban overtok makta i Afghanistan, stiller Flyktninghjelpen og sju andre hjelpeorganisasjonar seg bak eit opprop for at verdas land må etablere diplomatisk samband med Taliban.

– Den noverande isolasjonistiske tilnærminga frå dei fleste givarlanda støttar ikkje opp under varige løysingar på utfordringane til befolkninga i Afghanistan, spesielt ikkje når det gjeld barn, kvinner, etniske og andre marginaliserte grupper, fastslår organisasjonane.

Ingen land har offisielt anerkjent Taliban som er eit sterkt fundamentalistisk islamistisk regime. Kina, Russland, Iran og Pakistan har etablert det som i praksis er ambassader.

Taliban har sidan dei tok over makta for tre år sidan, innskrenka rettane til kvinner når det gjeld utdanning, arbeidsliv og fritidsaktivitetar.

(NTB)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no