Hopp til innhold

Hizbollah skal ha skote prosjektilar mot Israel

Det israelske millitæret (IDF) skriv på X at Hizbollah skal ha skote rundt 40 prosjektilar mot Nord-Israel. Fleire av prosjektilane vart avskorne, men nokre av dei traff bakken og skapte brannar i området, skriv dei.

Hizbollah stadfestar at dei sendte ut rakettar og droner mot seks millitære mål i Israel, skriv Reuters.

Også på onsdag skal den libanesiske gruppa ha skote fleire rakettar mot Israel, få timar etter at Hizbollah-leiaren Taleb Abdallah vart drepen.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no