Hopp til innhold

Held nødhjelpskorridorar frå Tyrkia til Syria opent i seks månader

FNs sikkerheitsråd skal ha blitt einige om å halda nødhjelpskorridoren frå Tyrkia til Syria open i seks månadar til, melder nyheitsbyrået AFP. Ifølge diplomatane AFP har snakka med, er dette i tråd med Russland sitt ønske.

Det opphavlege forslaget frå Noreg og Irland var å halda korridoren open i eit år til, men Russland la ned veto mot forslaget.

Dei siste to åra har grenseovergangen Bab al-Hawa, ved Tyrkias grense i sør, vore den einaste moglegheita til å frakta nødhjelp inn til det attverande opprørskontrollerte området nord i Syria.

Russland er ein nær alliert med Syrias president Bashar al-Assad, og meiner korridorane er eit brot på Syrias suverenitet.

Russland meiner nødhjelpa burde bli transportert inn via den regjeringskontrollerte delen av Syria, som gjev Assad-regimet meir kontroll.

Det noverande vedtaket vil fortsetta fram til 10. januar 2023, men ein ambisjon om å forlenga avtalen i yttelegare seks månader.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no