Heile Libanon utan straum

På grunn av drivstoffmangel har Libanons to største kraftstasjonar slutta å produsere straum.

Heile landet er derfor no utan straum, opplyser myndigheitene til Reuters. Straumen vil vere vekke i fleire dagar.

Det bur 6,2 millionar menneske i Libanon, som ligg i Midtausten. FN estimerer at 78 prosent av befolkninga lever i fattigdom.

Dei to kraftverka er dieseldrivne, skriv Sky News. Libanon er i ei djup økonomisk og politisk krise, og i førre månad blei det kjent at landet forhandla med Syria om tilførsel av gass og overføring av elektrisitet frå Jordan, skriv NTB.

Minst 218 menneske mista livet og 7000 blei skadde i ein eksplosjon på hamna i Beirut i august 2020.

Beirut, Libanon
Foto: Mohamed Azakir / Reuters

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no