Hopp til innhold

Håp om å unngå SAS-streik: – Byrjar å skrive tekstar og bli meir konkrete, seier fagforeining.

– I går og i dag er det første gong at vi ser noko konkret frå SAS som indikerer at det kan bli ei løysing, fortel formann i dansk pilotforeining, Henrik Thyregod.

Dansk pilotforeining er ein del av SAS pilotmannskap. Den førebelse fristen for forhandlingane går ut måndag kl. 12.

– SAS har blitt meir konkrete seint i går og i dag. No byrjar vi å skrive tekstar og bli meir konkrete, legg han til.

Leiar i SAS Noregs flygarforeining i Parat, Jan Levi Skogvang, seier det er god utvikling.

– Det er god driv i samtalene og god utvikling. Vi skriv tekstar og det blir lettare når vi ser ting i skrift. No går tinga litt meir unna, seier han.

Henrik Thyregod
Foto: ksenia novikova / nrk

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no