Hamas ber USA legge press på Israel
Forhandlingsleiaren til Hamas, Khalil al-Hayya, ber USA og verdssamfunnet presse Israel til å gå med på våpenkvile, melder AFP.
– Dei må utøve reelt press på Netanyahu og regjeringa hans, sa han i ei videomelding torsdag.
Hamas og Israel har forhandla i fleire månader med USA, Qatar og Egypt som meklarar.
Men så langt har ikkje forsøka klart å få slutt på den elleve månader lange krigen eller ei utveksling av fangar og gissel.