Hopp til innhold
NRKs kamera fra Sotra sender direkte til det er full kontroll på brannen.

Gressbrannen på Sotra

Oppsummert

Torsdag 3. juni tok det fyr i gress og lyng på øya Sotra i Øygarden kommune på Vestlandet. Det brenner fremdeles i kratt og lyng på stedet.

  • Ingen varmeutslag på Sotra i natt

    Brannvesenet på Sotra jobba i går kveld med eit område kor den varmesøkande dronen hadde registrert mykje varme i bakken. Utover natta har vaktlaget på fire brannfolk ikkje registrert varme i bakken. Laurdag morgon har det kome eit par regnbyger. – Me har bra kontroll og god oversikt, seier vakthavande brannsjef Jan Gaute Fjelstad Haug

    NRKs kamera fra Sotra sender direkte til det er full kontroll på brannen.
  • Sotra-brannen: – Har bra kontroll

    Brannvesenet er fredag kveld oppe med varmesøkande drone i brannområdet på Sotra. Det har i dag ikkje vore oppblussingar i terrenget. Regnet som har kome er ikkje nok til å kjøla varmen i jorda. –Me sjekkar område som er spesielt varme for å ha oversikt. Det er fuktig jord, men det er så mykje varme i bakken at det fordampar fort. For å seia det sånn, me håpar på ei god rotbløyte, seier vaktkommandør Tore Fanebust. Gjennom helga er det venta mindre nedbørsmengder, før det måndag er varsla 27 mm regn på Ågotnes.

    Brannområdet sett mot Valderhaug og Ågotnes torg
    Foto: Øygarden brann og redning
  • Litt regn i natt, men fortsatt tørt

    Det har vore to små branntilløp eller gløding i terrenget på Sotra i natt, men begge tilfella blei slått raskt ned, opplyser brannvesenet til NRK. Det har vore ein god del vind i området. – Det har kome litt regn i natt, men vi skulle gjerne hatt meir. Det er fortsatt tørt i bakken mange stader, seier innsatsleiar Børre Brekkvassmo.

  • Sotra-brannen: Bekymra for vindauke

    25 brannfolk i ulike sektorar overvakar og dynker brannområdet på Sotra torsdag kveld og natt til fredag. Det ulmar og glør eit godt stykke ned i jorda. Difor har ikkje nedbøren som har kome vore tilstrekkeleg. Vinden er også i ferd med å ta seg opp, noko som bekymrar brannvesenet. – Me er ikkje så glade i den vinden, og håpar på litt hjelp ovanfrå i form av regn, seier vakthavande brannsjef i Øygarden brannvesen Ove Stusdal.

    Brannen ulmer i terrenget på Kårtveit på Sotra
    Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK
  • – Regnet gjorde underverker

    Brannvesenet er svært fornøyd med at det kom litt regn i skogbrannområdet på Sotra i Øygarden i natt. Torsdag morgen er det helt rolig, og ingen er evakuert. I går ettermiddag ble rundt 200 personer evakuert i noen timer, da storbrannen blusset opp igjen. – Det er fortsatt varme i terrenget, men regnet gjorde underverker, sier Jarl Hestad, vakthavande sjef i Øygarden brann og redning til NRK.

    Jarl Hestad
    Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK