Hopp til innhold

Gresk statsminister under hardt press etter avlyttingsskandale

Den greske statsministeren, Kyriakos Mitsotakis, måtte svare for seg etter at det blei kjent at etterretningstenesta i landet i 2021 avlytta telefonen til opposisjonspolitikar Nikos Androulakis.

Androulakis er leiar for den tredje største partiet PASOK og er også medlem i Europaparlamentet.

– Det som skjedde kan ha vore lovleg, men det var feil. Eg var ikkje klar over dette og eg hadde aldri tillate det, sa statsministeren i ei tale på TV i dag, ifølge Reuters.

Sjefen for etterretningstenesta gjekk av like etter at avlyttinga blei kjent.

FILE PHOTO: NATO Summit in Madrid
Foto: SUSANA VERA / Reuters

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no