Hopp til innhold

Her går verdsarva opp i flammar

Det heilage Kasubi-gravkammeret i Uganda stod på verdsarvlista til FN då det brann ned natt til onsdag.

Buganda brann

Kasabi-gravkammeret stod på verdsarvlista til FN då det brann ned.

Foto: PHOTO/STRINGER / Scanpix/AFP

Kasubi

Slik såg gravkammeret ut då det framleis var ein turistattraksjon.

Foto: PHOTO/Stringer / Scanpix/AFP
Brannrestar Kasubi

Gravkammeret dagen etter brannen.

Foto: PHOTO/STRINGER / Scanpix/AFP
Dukkar for skot i Buganda

Protestantar dukkar for ein soldat som skyt i lufta.

Foto: James Akena / Scanpix/Reuters

I 128 år har gravkammeret Kasubi stått utanfor hovedstaden Kampala. Fire bagandakongar er gravlagde der. Natt til onsdag brann turistattraksjonen ned, og verdsarvlista til FN vart eitt namn kortare.

Presidenten ikkje velkommen

Då presidenten i landet, Yoweri Museveni, ville besøke branntomta og sjå på skadane, vart to personar drepne i opptøyar. Demonstrantar bua på presidenten og sette opp barrikader for å halde han vekke.

Tryggingsstyrkar opna eld mot dei. To personar vart drepne og fem vart skadde, ifølgje myndigheitene.

Brannvesenet vart hindra i å nå fram til brannen av opptøyane som starta samtidig som brannen. Tre brannbilar vart øydelagde og ein brannmann vart skadd. Det er framleis usikkert korleis brannen starta, men politiet etterforskar saka.

- Merkeleg brann

- Dette er ein merkeleg brann, når ein ser kva bagandafolket har vore gjennom, seier Peter Mayiga, ein talsmann for Buganda.

Myndigheitene avviser at dei har noko med brannen å gjere.

- Dette er fullstendig feil. Regjeringa kan umogleg vere ansvarlege for denne brannen, seier generalmajor Kale Kayhuri til nyheitsbyrået AFP

Gravkammeret kom på verdsarvlista i 2001. Det har blitt brukt som åndeleg symbol for bagandafolket.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no