Hopp til innhold

Google får 500 mill. euro i bot

Frankrikes konkurransetilsyn bøtelegg Google 500 millionar euro etter at selskapet ikkje fekk ordna ei avtale med utgjevarar om å bruke nyheitsinnhaldet på plattforma, melder Bloomberg. Det svarar til over 5,1 milliardar norske kroner.

Det har lenge vore konflikt mellom Google og europeiske medieselskap. Dei meiner søkemotoren har gjort at dei har tapt milliardar av euro i annonseinntekter.

Ein talsperson frå Google seier dei er skuffa over bota, og meiner den ikkje tar omsyn til forsøka til å danne ei avtale.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no