Hopp til innhold

Godtar koronapass frå nye land

Albania, Færøyane, Marokko og Panama er no kopla til EUs løysing for koronasertifikat. Noreg godtar difor allereie no sertifikat frå desse landa, skriv Helse- og omsorgsdepartementet i ei pressemelding.

Det vil seia at reisande frå desse landa og områda som er fullvaksinert med ein godkjent vaksine og har eit gyldig koronasertifikat har rett til å reisa inn i landet og slepp innreisekarantene. Dei treng heller ikkje ha med attest på negativ test, fylla ut innreiseregistreringsskjema eller ta test på grensa. Dei same lettane gjeld reisande som har gått gjennom covid-19 dei siste seks månadane.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no