Gjorde det dårlegare enn venta

Partileiar for Dei Grøne i Tyskland, Annalena Baerbock, seier dei har gjort feil i valkampen.

Partiet ligg an til å få om lag 15 prosent av stemmene i valet. Det er langt mindre enn det meiningsmålingane tyda på då Baerbock tok over leiinga i partiet, som då til tider var det største partiet i landet.

– Vi ønska meir, men fekk det ikkje til. Blant anna på grunn av feil vi gjorde i starten av valkampen, egne feil eg gjorde, sa ho på valvaka til partiet søndag.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no