Hopp til innhold

Gjenopning avhengig av vaksinasjon

Det er framleis uvisst når smitteverntiltaka kan bli fjerna i Noreg. Dei siste vekene har færre blitt smitta, og helsestyresmaktene reknar med at talet på innlagde også vil gå nedover snart.

Men talet på vaksinerte må opp, seier FHI-direktør Camilla Stoltenberg til NRK.

– Vi treng meir vaksinering framover for å kunne gjenopne heilt. Det er ikkje langt igjen. Det kan gå fort, men det er heilt avgjerande, seier ho.

Regjeringa har kalla inn til pressekonferanse fredag klokka 13. Då vil dei blant anna orientere om statusen for pandemien i Noreg, kor mange som er vaksinert og kva som er vegen vidare.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no