Gisselsituasjon i Paris
Foto: AP

Gisselsituasjon i Paris

Oppsummert

Politiet sperra av fleire gater i den franske hovudstaden etter at ein væpna mann skal ha teke tre personar som gissel. Ifølgje politiet er det ikkje terrorrelatert.

  • Krev å få prate med ambassadør

    Ein av dei tre personane som vart tekne som gissel i Paris tidlegare i dag, vart sett fri kort tid etterpå. Gisseltakaren krev å få snakke med den iranske ambassadøren, melder politiet på staden, ifølgje AP. Politiet forhandlar no med mannen.

    Gisselsituasjon i Paris
    Foto: AP
  • Gisselsituasjon i Paris

    Helsepersonell og politiet i Paris har rykt ut til ein gisselsituasjon. Ein væpna mann skal ha teke tre personar som gissel, blant anna ei gravid kvinne. Mannen seier han har bombe og skytevåten, men det er ingen indikasjon på terror, melder AP.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no