Hopp til innhold

Gir Europa skulda for høg gasspris

Russland skuldar Europa for høg gassprisar, og Russland sin energiminister Nikolaj Sjulginov seier at nye kontraktar om leveransar må til for å få ned prisen. Han understrekar at landet er ein påliteleg leverandør, men at det er lite landet aleine kan gjere med dagens høge prisnivå. Russland står for rundt ein tredel av gassforsyninga til Europa.

Russland har fått skulda for dei høge prisane, og kritikarar seier at russarane ikkje sel meir gass for å legge press på europeiske land i håp om å få fleire langtidskontraktar. Dette avviser russiske leverandørar.

Presidenten i Russland, Vladimir Putin, skildrar situasjonen som vanskeleg, og seier det er viktig å stabilisere gassmarknaden.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no